onsdag 20. november 2013

Avd. Spisestue


God kveld i stova! 

Ja.. no har mor rydda og styrt litt på. Som sagt så ville jo min sønn ommøblere her for noen veker siden.. og sånn blei det jo. Men eg vart liksom aldri ferdig. Rart med det.. mammapermisjon er liksom ikkje berre til ommøblering.. :) Avagull er nemlig komt i den alderen at ho aller helst vil bli bært på heile dagen lang. Så snart eg har lagt ho ned begynner ho å klage, så då er det berre å springe på do og trøkke brødskiva innpå før naboene ringer på døra. Så sjølv om eg vil vere så veldig veldig effektiv og aller helst vaske huset kvar dag, må eg berre finne meg i å sitte fint på rompa å puppe dagen lang.
Nok om det..no har eg nemlig fått ting litt på plass. Og i kveld fyra eg opp kvart einaste lys som var å oppdrive..ja,for her på Voss har det nemlig snøa i dag! Yess.. Det er også nemlig -4grader i skrivande stund. Kansje kong vinter har krøpe seg nedover fjellet og inntatt bygda for fullt? 

Som de kansje husker hadde eg ein kort periode spisestove på eit av soveromma? No har jo Avagull komt til verden, så no vart det slutt på det! (Egentlig har eg ommøblert minst 6 ganger i mellomtida.. eine søstra mi seier at eg minst må ha hundre hol i veggen..og det trur eg faktisk snart er sant..)
Her kjem noen bilder frå i kveld. 









Ganske fornøyd... for no.. :) 
Nei, no må eg komme meg i seng. I morgo er det 3 herlige unger som fortjener ei utkvilt mamma. 

Nattaklem

Ingen kommentarer: