mandag 23. desember 2013

God jul!


Julero..

Då har roen senka seg i snekkerboden også. Dvs. fordi ungene er lagt og mor i huset har rydda effektivt i 3 timer. Ungene har vert høgt og lågt i dag. Dei bygger seg opp som to vulkaner som snart skal ekspoldere! Ikkje så rart i grunn, spenningen overtar fornuften. 

I dag har dei knept på pakkane som ligg under treet.. (det ligg kansje 8 pakker der..) Eg såg tårene sto i augene på dei når størstemann som kan lese oppdaga at det ikkje var så mange pakker til dei.. Dei hata jula eit lite augeblikk då dei trudde at dette var alt. Heilt til mamma sa "det er mange posar med pakker i kjelleraren".. då vart det fart i dei skal eg sei, då kom både gangnamstyle og the fox dansen samtidig. 

Før dei la seg i kveld..(ja, dei har lagt seg, men du kan tru om igjen hvis du trur dei søv..) så hang dei opp julesokken sin. Svært spent på dette om nissen fins eller om det berre er nokon som har kledd seg ut. Eldstemann er litt usikker.Han meinte at nokon på skulen hadde sagt at nissen berre var ein far som hadde kledd seg ut, så han var litt skepitsk. Leon derimot er ganske overbevist om at nissen bur på Nordpolen. Tida vil vise, sa eg. 










I morgo blir det masse besøk :)  Søstra mi og familien kjem på graut mens middagen blir med svigers. Alle er hjertelig velkommen! 

Med dette ønsker eg alle ei riktig god jul! 
Håper de får ei fin feiring i lag med familie og at de husker å glede andre! 
God jol frå Voss



fredag 13. desember 2013

Tikk takk...

Hei alle :) 

Kjøpte meg ei ny stor Kensington veggklokke for pengene eg fekk til bursdagen. Åh... Eg har kikka på denne lenge .. LENGE. da er det ekstra kjekt å kjøpe den..
Har sett fleire varianter. Men var liksom denne eg falt for. Så eg hadde is i magen og venta. Og no er eg SÅ glad for det!!
Fin? :) 






Ha ein fin fredagskveld folkens !!
Her i huset er det rigga for både håndball, the voice og senkveld!


Torhild



torsdag 5. desember 2013

Se kva eg fekk i posten i dag!!

I posten i dag kom denne flotte gaven. (Som egentlig er eit julekort.. )




Det beste ved alt var at før eg tok bilde, måtte eg ete dei knuste hjertesjokoladene som var på toppen. Hihi..

Tenk at det finnes slike mennesker som er så utrulig herlige.. dei stopper opp i denne travle julekvardagen, sitt i timesvis å lager noe for å glede andre.. Ja, eg har nemlig ei sånn venninne.  
Takk Silje Eriksen for at du er den du er!